Turistkontor

Velkomen til Nissedal kommune!

I Nissedal kan du slappe av på kilometerlange sandstrendar langs Nisser, bade i jettgrytene ved Eikhom, eller ta med familien på ein dag på Z-museum eller på ein av dei mange toppturane i kommunen. På Fjone finn du nokre av Europas beste klatrefjell, og overalt finn du flotte turløyper og fine fiskevatn som ventar på deg.

Turistkontor og generell Turistinformasjon fra kommunen

Turistkontoret i Nissedal finn du i Treungen sentrum på Treungen Sport & Fritid.

Veit du ikkje heilt kva du skal gjere i Nissedal Kommune? Kom innom så kan me vise deg alt me har å tilby.

Me har og sykkelutleige til 100 kroner dagen, 150 kroner for eit døgn.

Her får du gode råd og hjelp til det meste; 

  • kjøp av fiskekort og informasjon om kor fisken bit
  • finne det husværet du er ute etter
  • råd og tips om kva som er verdt å sjå på og å gjere
  • hjelp til å legge opp rundturar
  • brosjyrer og anna skriftleg materiell om bygda, Telemark, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet