Badeplasser

I Innsjøen nisser er det mange fine badeplasser. Husk å rydde opp, og ta hensyn til andre badegjester. Vi vil ellers spesielt nevne Jettegrytene ved Haugsjåsund

Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad utgjer ein idyll som ikkje akkurat blir mindre når det er sommar.


FAKTA om jettegrytene

  • Jettegrytene er runde eller lange fordjupningar i fast fjell.
  • Dei oppstår ved erosjon av vatn som har sett steinar og grus i roterande rørsler.
  • Jettegryter finn ein oftast i stryk og fossar, der vatnet har stor fart og dannar kvervlar.
  • Jettegryter finn ein også på stader der det no ikkje er elvar. Desse er
    laga av smeltevatn under istida.
  • Jettegrytene kan bli fleire meter i diameter og 10-20 meter djupe.

Vegen til jettegrytene er for tida stengt med bom på uviss tid.


Elva Fyresåna har gjennom uminnelege tider snurra rundt med stein og grus i elveleiet, som sidan er blitt regulert for straumproduksjon. Før kraftutbyggjarane gjekk til verket, var jettegrytene ein godt verna løyndom under vatnet. Fyrst då ein stor del av vassmassane blei lagt i røyr, kom dei runde fordjupningane i elveleiet til syne. Dette naturfenomenet finn ein heilt sør i kommunen, ved den vesle bygda Eikhom, ei mil frå Telemarksvegen. Du kan reise dit ved å gå opp ei godt bevara tømmerrenne på den andre sidan av brua ved kraftstasjonen. Gå motstraums 700-800 meter. På enkelte partu går du nesten i same høgde som tretoppane. Deretter kan du fylgje ein diskret merka vandresti fram til vassdraget som også byr på flotte badetemperaturar. Det er fylkesveg fram til kraftstasjonen. Der må du betale parkerings-/vegavgift, anten du vel å gå i tømmerrenna, eller køyre så nær jettegrytene som mogleg. Avgifta skal skaffe det økonomiske grunnlaget mellom anna til vedlikehald og opparbeiding av parkeringsplass.

Ynda badeplass 

Jettegrytene ligg i ein trong dal med berg på båe sider, der sola verkeleg får tak. Det brenn under nakne føter på fjellgrunn! Ikkje rart at dette i årevis har vore ein ynda badeplass for bygdefolk. Grytene er nærast som varme kjelder å rekne.

Jettegrytene har vore ein godt verna løyndom for 
dei fleste. Ein heilsides reportasje i Aftenposten om dei flotte fjellformasjonane, endra dette ganske så drastisk. Staden vart dessutan kåra til årets badestad 1999 av NRK Telemark, Vestfold og Buskerud. Hugs! Dette er eit område på bare 300 meter, med gryter og sklier, nesten som eit naturleg sommarland Det er difor svært sårbart: Skulle nokon lage bål på svaberga, risikerer ein at fjellet slår sprekkar. Vi ynskjer ikkje eit forbod mot grilling, men det må skje på tilviste plassar. 


Slik kjem du til Jettegrytene:
Køyr inn på vegen som går forbi Haugsjåsund familiecamping (Tlf: 35 04 58 06). Du kan køyre ca 2 km. innover vegen mot Espestøyl, deretter ta av til høgre mot Nerulvsdaken og til høgre vidare fram gjennom til du har passert vassdraget. Etter ca 7 km. er du framme ved den øvre parkeringsplassen.

Vegavgift:
Bilar, bussar og motorsyklar må betale 50,- kr. for dagskort, eller 200,- kr. for eit heilt år. Dagskort får du i huset med bomkassa.
Årskort får du kjøpt på Haugsjåsund Familiecamping.
Avgifta skal dekke vedlikehald av veg, parkeringsplass, toalett og renovasjon.